Dagen før dagen

Dagen før kamp! Ser fram til storkamp mot Austrått på heimebane i morra! No har nokon av jentene til og med vore flinke å spre plakatane som blei laga hinn dagen rundt på Sand og reklamert for god stemning, vaflar og ein bra kamp, så vi satsar på å få litt ekstra publikum. Halve TVN er tross alt bortreist i helga, så vi treng andre til å fylle litt opp.



Anyways; Eg har ikkje peiling på korleis treninga for dei andre jentene var i dag sidan eg har blitt så spesi-kid av eg må droppe halvparten av treningane, men eg veit at dei avslutta treninga med massasje, og eg må innrømme at eg kjenner eit lite snev av sjalusi. I alle fall når eg ser sånne bilete på kameraet mitt når dei kjem tilbake frå trening:





Men til tross for dei vonde beina mine er eg faktisk opp mot maksimalt kampklar og kjenner kriblingar i magen når eg tenkjer på morgondagen. Vi skal spele så bra, jenter!

- Andrine

Publisert: 14.jan.2011 @ 18:10 Kategori: Blogg Kommentarer: 3

3 kommentarer

Postet av: Ingunn

Dato: 14.jan.2011 Tid: 18:29 URL:
miiildt!!!!!!!

Postet av: Andrine

Dato: 15.jan.2011 Tid: 18:18 URL: http://www.andrinefaleide.blogg.no
Dødsbra jenter!! :D

Postet av: Festø

Dato: 18.jan.2011 Tid: 12:10 URL:
hinn dagen :-D

Skriv en ny kommentar

hits