Siste samling før søknadsfrist!

Eg veit ikkje kor mange håpefulle som les bloggen vår, men berre sånn i tilfelle:

Fristen for å søke vidaregåande skule går ut 1.Mars, og eg (sammen med alle andre på TVN) anbefalar alle volleyballinteresserte i å søke etter skuleplass her nede (eller oppe for den del). Greia er at om du søker og kjem inn, men deretter ombestemmer deg og ikkje har lyst å starte likevel, er det ingen tvang å gå her likevel. Svarfristen er jo ikkje før i sommarferien, så det er nokon månaders betenkningstid. For dei som lurer på det, er det forresten null problem å søke i to forskjellige fylke.

ToppVolleyNorge arrangerar ei treningssamling her på Sand helga 4.-6. Februar, og alle som tenker tanken på å starte her burde absolutt komme seg på samling! I løpet av ei samling får ein verkeleg eit innblikk i korleis det er å bu på internatet her nede og korleis dagane våra går. I tillegg kan det vere ein sjanse til å bli kjent med folk du kanskje blir å gå i klasse med til hausten, noko som kan gjere skulestarten litt lettare.



Om folk lurer på noko som helst er det berre å spør!

- Junior (aka Andrine)

Publisert: 19.jan.2011 @ 12:04 Kategori: Blogg Kommentarer: 0

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits