Framleis best

Jej, vi vann vår siste heimekamp for årets sesong! Kampen var mot Lier, og etter å ha vunne 3-0, betyr det at vi framleis leiar pulja vår med heile 21 poeng. Vi har faktisk berre tapt ein einaste kamp i løpet av heile seriespelet (!) og har tapt 9 sett av til saman 29. Med tanke på at vi faktisk berre er småjenter utan spesielt masse erfaring må eg seie at eg syns det er ganske så bra :)



Vi har jobba fram til dagens kamp gjennom heile veka og analysert den forrige kampen vi spelte mot dei for å finne ein bra taktikk og berre bli betre kjende med dei som spelarar. Sjølv føler eg at eg fekk ein del ut av det på den måten at eg følte meg skikklig klar til kamp og at eg visste kva vi kom til å møte. All førebuinga gjorde det masse lettare for meg som midt å vite kor eg skulle prioritere blokk og korleis eg skulle blokke, noko som førte til at det også var lettare for dei som stod i forsvar å plassere seg rett. Konklusjon: God førebuing  får gode resultat.



Det her var forresten siste heimekampen til våre kjære tredjeklassejenter...♥

- Andrine

Publisert: 22.jan.2011 @ 18:38 Kategori: Blogg Kommentarer: 1

Én kommentar

Postet av: random

Dato: 03.feb.2011 Tid: 21:32 URL:
andreas mathisen ser stram ut i singlet

Skriv en ny kommentar

hits