To treningskampar og to seierar!

I helga satt vi inne i garderoben med eit heilt nytt lag, og fekk vite det vi skulle fokusere på i kampane mot UIS og Austrått. Dei fleste var litt spent på korleis Magnus (trenaren) ville sette opp laget, og kor godt det nye laget ville spele saman. Vi var vel alle ein smule trøtt sjølv om vi hadde oppmøte halv tolv. Nokon hadde tatt båten 07:30 frå "fagre" Sand og inn til store Stavanger, og andre hadde sove litt lite. Men uansett så var det kjekt å møte opp til kamp, der dei fleste smilte og gleda seg.

Etter det eg huske, så var det Lise (legger), Synnøve (midt framme), Randi (midt bak), Heidi (kant), Bennedicte (kant) og Henriettte(diagonal) som starta, men det var forandringar etter kvart sett, gjennom begge kampane. Dette gjorde att dei fleste håpar eg, fekk føle att dei fekk vere med på spelet og "kjenne" på ballen. Av og til når det blir lite bytting er det ein tedens at det blir ein litt negativ kjensle både for dei som sitter på benken og er på bana, men denne gongen var det mykje bytting. Dei som var heilt nye på laget fekk spele sett, eller gå inn som forsvarspesialist, og dei litt meir rutinerte fekk også spele ein del.

Dei som var med:

3stv:

Silje: kantAmalie: dia Heidi: midt, kant og diaSynnøve: midtRakel: kantLise Berit: leggerRandi: midt

2stv:

Henriette: diaCharlotte: dia og forsvarMartine: leggerBenedicte: KantCecilie: libero

1stv:

Susann: kant

Gleder meg til helga, for då er det vestcup og vi får nye sjangsar. 

PS: I år stille vi i elite med eitt lag, og 1.div med det andre.

RMH =)

Publisert: 10.09.2012 @ 19:33 Kategori: Blogg Kommentarer: 0

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits